Nosework

Tittel

Ekvipasjen oppnår tittel dersom 100 poeng og maks tre feilpoeng i ein og same konkurranse. Tittel er same som konkurransenavnet, til dømes S2-U. For spesialistkonkurransane kan tittel og oppnåast ved 3xnapp. Sjå «napp» eller regelverket for meir informasjon.

100 poeng

Maksimal poengsum i ein Noseworkkonkurranse. Kvart utlegg får poeng ut fra 100 delt på antall utlegg i konkurransen. Ein NW1konkurranse har fire søk og difor 100/4 som gir 25 poeng pr funn. Ein konkurranse med åtte utlegg gir 100/8 = 12 1/2 poeng pr funn. Tomsøk reknast poengmessig som eitt utlegg.

Funn

Når eit utlegg er funne er det eit «funn».

Tomsøk

Søk der det ikkje er lagt ut utlegg. Førar veit ikkje om det er utlegg.

Forstyrring

Noko som er lagt ut for å planlagt forstyrre/distrahere i emballasjesøket. Til dømes ein bit tørr mat i ein beholdar, som er lagt i ei pappkasse. Sjå regelverket for spesifiseringar.

Klasse 3

Null til tre utlegg pr søk. Bjørk og/eller Anis og/eller Kryddernellik. Innandørssøk kan vere tomsøk. Emballasjesøket har fleire planlagde forstyrringar. Sjå regelverket for grundigare innføring.

Klasse 2

Eitt til tre utlegg pr søk. Bjørk og/eller Anis. Emballasjesøket har minst ei planlagd forstyrring. Sjå regelverket for grundigare innføring.

Klasse 1

Lågaste konkurranseklassa. Eitt utlegg i kvart søk. Sjå regelverket for grundigare innføring.

S1-E, S2-E, S3-E

Spesialist klasse 1, klasse 2 eller klasse 3 emballasje. «Emballasjespesialist». Søkskonkurranse der alle søk er på emballasje. For klasse ein kun pappemballasje, i klasse to og andre typar beholderar og emballasje, og i klasse tre som dei andre samt bagasje. Sjå regelverket for meir detaljar om vanskar i dei forskjellige klassane. Søksområdet kan vere innandørs …

S1-E, S2-E, S3-E Les mer »

S1-K, S2-K, S3-K

Spesialist klasse 1, klasse 2 og klasse 3 køyretøy. «Køyretøyspesialist». Søkskonkurranse der alle søk er på køyretøy. Oftast bil, lastebil, traktor, buss og liknande. Tilhengar kan og nyttast. Ekvipasjen søker kun på utsida av køyretøyet. Sjå regelverket for meir detaljar om vanskar i dei forskjellige klassane.