Nosework

Utlegg

Det som er lagt ut som ekvipasjen skal finne.

Gul hund

Ein «gul» hund er ein hund som av ulike orsaker har behov for litt ekstra plass til andre hundar, mennesker eller ulike miljø. Gule hundar er hjartleg velkomne på NWN-arrangementer.

LGT

Luktgjenkjenningstest – sjå Luktgjenkjenningstest

Luktgjenkjenningstest

For å delta på konkurranse må ekvipasjen først ha bestått luktgjenkjenningstest, ofte kalla LGT. Ein LGT er ein test som skal teste om hunden kan finne lukt, og om førar forstår at hunden har funne lukt. Testen går på ekvipasjen og ikkje berre på hund eller førar, ein hund må difor ta testen på nytt …

Luktgjenkjenningstest Les mer »

Køyretøy

Søk på køyretøy gir heilt andre utfordringar enn dei andre søksmomenta, der det mellom anna er meir sjanse for uforutsigbar duftvandring inn under og opp i motoren som forvanskar.Alle typar køyretøy kan brukast, inklusive tilhengarar.

Emballasje

Emballasjesøk er ofte det me startar med når me trenar. For Luktgjenkjenningstesten og i klasse ein er det alltid pappemballasje. I konkurranse kan emballasjen stå i alle moglege planlagte eller uplanlagte mønster, og vere i forskjellige størrelsar.Oppover i klassane kan andre typar emballasje nyttast, til dømes malingsspann i plast og kakeboksar frå klasse to, og …

Emballasje Les mer »

Utandørs

Eit utandørssøk kan foregå kvar som helst ute. Alle typar underlag og naturlege avgrensingar er tillete. Me trenar Nosework i skogen, i parken, på parkeringsplassar, på badestrender, på industriområder, på gårdsplassen, i parkeringsgarasjen og i hagen. Eit utandørs konkurranseområde vert ofte avgrensa med kjegler, hugs at duftene bevegar seg og utanfor våre «definerte områder» og …

Utandørs Les mer »

Innandørs

Eit innandørssøk kan vere nær kva som helst med veggar, golv og tak. Det er ingen minimum eller maksimumsstørrelse på eit innandørssøk, men vert avgrensa på grunn av vanskegrad eller naturlege inndelingar. Eit innandørssøk kan vere i ein del av ein gang, eit kontor, del av ein gymsal, ein halv garasje eller noko heilt anna.

Spesialist

Samlenavn på spesialistkonkurransane. Merk: Ikkje same som spesialsøk

Napp

Ekvipasjen kan få «napp» i spesialistkonkurransane, dersom dei oppnår 75 poeng eller meir, og har maksimalt tre feilpoeng i ein og same konkurranse. Etter tre napp i same spesialistklasse får ekvipasjen tittel.