Oppgåvene til jubileumsmerke 2024!

 

Oppgåve 1.
Bursdagsfest!

-Kreativ oppgåve, førar velger sjølv!
Lag eit søk som bursdagsfest til Nosework Norge! Her kan du dekke eit bord, legge søk midt i kakebakinga, pynte med ballongar eller ha gavedryss i emballasjesøk.
Målet er eit litt annleis type søk som får både hund og førar til å tenke nytt. 

Bånd valgfritt. Kan vere inne eller ute.

 

Oppgåve 2.
Sjølvstendighet

Ekvipasjen må vise at hunden tar styringa i søket og kan jobbe med avstand til førar.
Det må vere ei tydeleg linje rundt søksområdet som førar ikkje kan krysse. Avstand frå linja til utlegg må vere minst tre meter. Linja markerast med tape, sperreband, kjegler eller anna som gjer det lett å sjå kvar grensa går.
Søket kan gjerast som eitt av dei fire søksmomenta, innandørsøk, utandørsøk, emballasje eller køyretøysøk. 

Søksområdet skal ikkje gå rundt hjørner eller gjennom fleire rom.
Det skal vere ei tydeleg startlinje som hunden må krysse, før eller på sperrelinja. Førar kan gå rundt søksområdet på utsida av linja. Utlegg skal ikkje vere rett foran hunden når den kryssar startlinja.
Bånd av eller på.

Oppgåve 3
Emballasjesøk

Minst ni stk emballasje, satt opp som ein omvent U. Utlegg i hjørnet til høgre frå start.
Emballasjen kan vere ulike, i plast eller kartong, men emballasjen med utlegget i må vere lik minst ein av dei andre.
Emballasjen skal vere lukka.
Det skal vere 80-120 cm avstand mellom kvar emballasje.
Det skal vere ei tydeleg startlinje, som hunden må krysse.

Båndet må vere på.
Førar må melde funn før belønning blir gitt. Førar kan ikkje peike på, stoppe ved eller på anna vis fortelle hunden kvar utlegget er, eller stoppe/peike på kvar enkelt embalalsje i søket. Hunden skal søke sjølvstendig.
Hunden må vise atferdsendring ved riktig beholder for at oppgåva skal godkjennast, men det er ikkje krav til spesifikk markering.

Eksempelfilm 1 (kjem)

Eksempelfilm 2 (kjem)

Korleis bli med?

  1. Les oppgåvene!
  2. Film søka
  3. Vær medlem av Nosework Norge
  4. Logg inn
  5. Meld på og send inn film
  6. Betal
  7. Vent på svar!