Godt nytt år!
Vi i styret håpar alle har hatt ei fin avslutning på fjoråret, og ser fram til mykje gøye konkurransar og merker som er planlagt framover.
På slutten av 2025 blei det nye merkeregelverket offentleggjort. Dette trådte i kraft 1 januar 2026.
Med det nye regelverket kom det tre nye merkeprøver Turkis (instruktørens tema), blåbær og årstidsmerket, det er allereie arrangert nokre av desse, og fleire skal det bli. Det er kjekt å sjå kreativiteten hos instruktørane.
Med det nye regelverket kom det også ei nye deltakargrense, som gjer at ein hund berre kan delta på ei merkeprøve per dag. Dette kan vere lurt for arrangørar å minne om, dersom dei køyrer fleire ulike merkeprøver kvar dag, då det ikkje er sikkert alle deltakarar har lest det nye regelverket.
I veke 2 blei det også gjennomført fleire endringar i Devent, som skal gjere ting litt enklare. Ei av endringane er at ein kan sette seg på venteliste, på arrangement som er fulle. Dersom det så blir frigjort plassar, vil plassane bli tildelt etter når du meldte deg på venteliste.
Det er også mogeleg for deltakarane sjølv å melde frafall på ei prøve, dette gjer du på mi side. Då frigjer du plassen til nokon som står på venteliste, og fjernast frå startlistene. Vi har også fått på plass ei eiga side der det er mogeleg å sjå kva tittlar og LGTar du har oppnådd, det er framleis berre nødvendig å legge inn 1 tittel, sjølv om du har tatt den fleire gonger.
Det er fleire endringar som også er komme, du kan sjå alle her: https://www.nosework.no/2026/01/devent-endringer/
Helsing styret i Nosework Norge

