Jubileumsmerke – Element

Det er med glede me kan informere om Element-merket! 
Eit spesielt merke i anledning 10-årsjubileumet til Nosework Norge, og som ein tar hjå ein godkjend Nosework-instruktør.

Element-merket har dei fire elementa ild – jord – vatn – luft som tema, som peikar på at Nosework kan ein gjere over alt. Vonleg vil merket stimulere til meir moro og leik med søk!

Bur du og treningsgjengen eit stykke unna ein instruktør? Mange av instruktørane våre er på ofte på reisefot, ikkje umogleg at nokon skal forbi ditt distrikt og kan sette opp Merker! Spør gjerne i diskusjonsforumet vårt på facebook, eller tagg oss på instagram så prøver me vidareformidle!

Du kan lese meir om Element-merket her!