Dyrevelferdskontrollør og dyreansamling

Alle som trenar dyr, og konkurrerar med dyr, skal behandle dyra godt og verne dei mot unødige belastningar kring aktiviteten.

Dette er og eit ansvar arrangørar og behandlarar har. Etterkvart som Nosework Norge veks ser me at det er større behov for at me tar ansvar for opplysning om kva som krevst frå arrangør i samband med konkurranse, av hensyn til dyrevelferda. Som ledd i dette har me utarbeidd arbeidsbeskriving for dyrevelferdskontrollør på arrangement.

Dette gjeld særleg reglar om at dyra:
Skal vere i stand til å gjennomføre ein aktivitet utan å vere utmatta eller skadd.
Ikkje vert utsett for eller påverka av midler eller behandling som kan gjere aktiviteten dyrevelfedsmessig uforsvarleg
Ikkje vert påført frykt, skade eller unødige belastningar
Ikkje vert trena til eller brukt i kamp mot andre dyr eller menneske
Dyrevelferdslova § 26. Trening, fremvisning, underholdning og konkurranser


Alle arrangørar skal utnevne ein dyrevelferdskontrollør på konkurransar, merker og LGT-prøver.
Dyrevelferdskontrolløren (DVK) har ansvar for at regelverk vert fulgt, og dyrevelferda ivaretatt. Rolla skal takast av ein uavhengig person med solid kompetanse og erfaring med hund, og kan takast av to personar i fellesskap. Dommar eller konkurranseleiar kan vere dyrevelferdskontrollør. DVK skal dokumentere verksemda si skriftleg.

Arrangør skal:
Utnemne ein DVK med god kompetanse.
Sørge for at DVK dokumenterar tiltak og vurderingar.
Sørge for at rapport frå DVK vert send til post@nosework.no.
Oppbevare rapport frå DVK i eitt år frå arrangementet sin dato.

Arrangør skal og
Sende melding om dyreansamling til Mattilsynet, seinast ei veke før arrangementet. Dette gjeld og merker og LGT.

God kompetanse
DVK må ha erfaring med og generell god kunnskap om godt hundehald.
DVK må og ha kjennskap til konkurransedyrforskrifta, dyrevelferdslova , og NWN sine vedtekter, konkurransereglar og vegleiar til konkurranse.

Me anbefalar og kjennskap til Mattilsynet sin Tilsynsveileder for hund.

DVK har myndighet til å kontrollere velferda til alle hundar på eller ved arrangementet. Alle forhold som påverkar hundar si velferd skal vurderast.
Det er ikkje krav til at kvar enkelt hund skal undersøkast.



Rapport
DVK skal føre skriftleg rapport – eigen rapport frå NWN kan nyttast.
Levere rapporten til arrangør og Nosework Norge (post@nosework.no)

Målet er å sikre at hundehaldet er korrekt i forhold til hundane si sikkerhet og velferd, til dømes:
At hundane har tilgang på vatn
At det ikkje er synlige teikn på sjukdom og skade
ID og vaksinasjonskontroll
At hundane ikkje vert utsett for unødig stress
At hundane ikkje vert utsett for hardhent behandling eller kjefting
Generell hygiene, til dømes ikkje felles vannskål for alle deltakarar
Oppstalling av hund i og utanfor køyretøy
Tiltak gjort av arrangør av hensyn til dyrevelferd før og under konkurransen
Arrangør sine vurderingar av konkurranseområdet
Arrangør sine tiltak ved behov for førstehjelp


Ved observasjonar gjort av andre enn DVK, skal DVK involverast umiddelbart. DVK skal vurdere alvoret i hendinga gjennom dialog med partar og vitner.

Følgande skal registrerast ved hendingar
Namn og kontaktinfo på førar
Namn/chipnummer på hund
Tid og stad for hending
Beskriving av hending frå kvar involvert
Beskriving frå vitner

Avvik noterast, eventuelle tiltak og resultat av desse.
Avvik som ikkje let seg løyse der og då, eller som er grove, sendast til Nosework Norge som har myndighet til å sanksjonere.

Vedtekter
NWN konkurranseregelverk
Veileder til konkurranseregelverk
Konkurransedyrforskrifta
Veileder til forskrift om velferd for hest og hund i konkurranse

Dyrevelferdsrapport
Eksempel rapport
Melding om dyreansamling