Oppgåvene til jubileumsmerke 2024!

 

Oppgåve 1.
Bursdagsfest!

-Kreativ oppgåve, førar velger sjølv!
Lag eit søk som bursdagsfest til Nosework Norge! Her kan du dekke eit bord, legge søk midt i kakebakinga, pynte med ballongar eller ha gavedryss i emballasjesøk.
Målet er eit litt annleis type søk som får både hund og førar til å tenke nytt. 

Bånd valgfritt. Kan vere inne eller ute.

 

Oppgåve 2.
Sjølvstendighet

Ekvipasjen må vise at hunden tar styringa i søket og kan jobbe med avstand til førar.
Det må vere ei tydeleg linje rundt søksområdet som førar ikkje kan krysse. Avstand frå linja til utlegg må vere minst tre meter. Linja markerast med tape, sperreband, kjegler eller anna som gjer det lett å sjå kvar grensa går.
Søket kan gjerast som eitt av dei fire søksmomenta, innandørsøk, utandørsøk, emballasje eller køyretøysøk. 

Søksområdet skal ikkje gå rundt hjørner eller gjennom fleire rom.
Det skal vere ei tydeleg startlinje som hunden må krysse, før eller på sperrelinja. Førar kan gå rundt søksområdet på utsida av linja. Utlegg skal ikkje vere rett foran hunden når den kryssar startlinja.
Bånd av eller på.

Oppgåve 3
Emballasjesøk

Minst ni stk emballasje, satt opp som ein omvent U. Utlegg i hjørnet til høgre frå start.
Emballasjen kan vere ulike, i plast eller kartong, men emballasjen med utlegget i må vere lik minst ein av dei andre.
Emballasjen skal vere lukka.
Det skal vere 80-120 cm avstand mellom kvar emballasje.
Det skal vere ei tydeleg startlinje, som hunden må krysse.

Båndet må vere på.
Førar må melde funn før belønning blir gitt. Førar kan ikkje peike på, stoppe ved eller på anna vis fortelle hunden kvar utlegget er, eller stoppe/peike på kvar enkelt embalalsje i søket. Hunden skal søke sjølvstendig.
Hunden må vise atferdsendring ved riktig beholder for at oppgåva skal godkjennast, men det er ikkje krav til spesifikk markering.

Eksempelfilm 1 (kjem)

Eksempelfilm 2 (kjem)

Korleis bli med?

  1. Les oppgåvene!
  2. Film søka
  3. Vær medlem av Nosework Norge
  4. Logg inn
  5. Meld på og send inn film
  6. Betal
  7. Vent på svar!

 

Online Jubileumsmerke

Nosework Norge inviterar alle medlemmer til Online Jubileumsmerke!

Nosework Norge ønskjer å markere 10-års jubileum med eit Merke som når ut til alle i heile landet. Her kan alle delta på lik linje

Merket er ope heilt til 31. August kl 18:00

Jubileumsmerke er basert på dei vanlege merkene, der ekvipasjen skal gjennom tre oppgåver og har maks tre minutt pr oppgåve.
Ekvipasjen må bruke nosework-duftene i søket.
Film av søka sendast til Nosework Norge for vurdering. Godkjente innleveringar får jubileumsmerke tilsendt i posten!

 

 

Tre oppgåver, tre minutt pr oppgåve.
Bestått/ikkje bestått
Ekvipasjen må vise at hunden jobbar sjølvstendig (førar skal ikkje vise hunden kvar utlegget er).

Alle filmar vil bli vurdert som “bestått” eller “ikkje bestått”.
Alle innsendte filmar godkjennast ut frå vurdering av sjølve oppgåvene, og ut frå kriteria som er gitt. Les grunnleggande reglar, samt dei særskilde reglane for kvar oppgåve, før du sender inn.

Reglar:
Alle innleveringar må lastast opp til ein tredjepart, som til dømes YouTube eller Vimeo.
Innlevering går via skjema (lenke her), det er viktig at du ikkje sender filmer direkte på epost eller via messenger/facebook. 

Kvar oppgåve har maks lengde på tre minutt.


Krav:
Førar og hund bør vere synleg på filmen heile tida. Korte øyeblikk der hunden eller førar går ut av syne er ok, men minst ein av dei må vere på filmen heile tida.
Me anbefalar å filme i landskapsformat, og å planlegge kva vinkel det vert filma frå for å få med mest mogleg.
Filmar som er for dårleg lyssett til å sjå (for mørke eller for lyse) vil ikkje bli vurdert.

Førar må melde “funn” på alle utlegg før belønning startar. Førar si melding av funn må vere tydeleg, anten ved muntlig “funn” eller med håndsignal.

Søket skal vere styrt av hunden, søk der førar styrer heile søket kan bli underkjent. Førar skal ikkje vise hunden kvar funnet er ved å til dømes: Stoppe ved funnet, peike på funnet, starte hunden på nytt rett på funnet og liknande.

Lyd må vere inkludert. Utlegget må være «usynlig» for hund og fører. 

Deltaking:
Hunden må vere frisk, og skal ikkje med hensikt påførast frykt, skade eller unødige påkjenningar eller belastningar.
Parra, drektig eller ammande tispe med kvalpar under 75 dagar gamle kan ikkje delta.
Førar må vere medlem av Nosework Norge.

 

Markering:
Hunden må vise atferdsendring ved funn som tilseier at det er hunden som finner, men det er ingen spesifikke krav til markering.

Utlegg:

Nosework-luktene skal brukast. Førar vel sjølv kva duft eller duftkombinasjon dei vil bruke.
For kvart søk skal førar og sende inn bilde av utlegget. Dette kan anten leggast ved som bilder, som del av filmen (sjølv om den då går over tre minutt) eller som eigen film i tillegg til søksfilmen.

Vurdering:
Kvar innlevering på tre filmar blir vurdert samla som bestått eller ikkje bestått.
Kvar av dei tre filmane blir vurdert som “godkjent” eller “ikkje godkjent”.
Er ein, to eller tre av dei tre filmane vurdert som “ikkje godkjent” blir heile oppgåva ikkje bestått.



“Ikkje godkjent” på individuell film:
Det er mange måtar å vurdere ein film som “ikkje godkjent”, og vanskelig å spesifisere alle grunnar. Det vil mulig kunne dukke opp filmar der førar har tolka oppgåva annleis enn tenkt, eller det er minimale feil som ikkje påverkar resultatet i større grad. Til dømes ein variasjon i søksoppgåva men tanken/ideen for oppgåva likevel er gjennomført. Dette kan i visse eksempler vurderast som godkjent.

Ikkje bestått:
Om innleveringa di ikkje er bestått kan du levere ein film om igjen gratis – ein gong.
Er to eller tre av filmane ikkje godkjende må du melde på på nytt.
Grunnlag for vurdering som ikkje bestått vil bli gitt.

Vurderingstid:
Me antar at det kan ta to til tre veker å vurdere filmar. Dette kan endre seg etter kor stort trykk det blir, eller ved ferie, og vil bli oppdatert ved endringar.

Merker:
Godkjende filmar får tilsendt ei kort vurdering pr epost, og får jubileumsmerke tilsendt i posten.

Utstyr:
Film tatt med mobilen er ok. Du kan gjerne få nokon til å filme for deg. Planlegg kvar vedkommande skal stå for å få med både deg og hunden i bildet i størst mogleg grad.
Alternativt kan du støtte opp mobil eller kamera med gjenstandar, eller bruke stativ.
Filmar tatt i brystsele blir ikkje godkjende, heile førar skal vise på filmen.
Me anbefalar at du filmar i landskapsformat.
Pigghalsbånd, strup eller anti-trekk-sele er ikkje tillatt.

Rettighet til film:
Filmane tilhøyrer den som filma. Nosework Norge krev ingen rettigheter til innsende filmar. Me ønskjer å promotere og vise fram ekvipasjer, men aktuelle vil bli kontakta før bruk.