Nosework Norge inviterar alle medlemmer til Online Jubileumsmerke!
Nosework Norge ønskjer å markere 10-års jubileum med eit Merke som når ut til alle i heile landet. Her kan alle delta på lik linje
Merket er ope heilt til 31. August kl 18:00
Jubileumsmerke er basert på dei vanlege merkene, der ekvipasjen skal gjennom tre oppgåver og har maks tre minutt pr oppgåve.
Ekvipasjen må bruke nosework-duftene i søket.
Film av søka sendast til Nosework Norge for vurdering. Godkjente innleveringar får jubileumsmerke tilsendt i posten!
Tre oppgåver, tre minutt pr oppgåve. Pris kr 300,-
Bestått/ikkje bestått
Ekvipasjen må vise at hunden jobbar sjølvstendig (førar skal ikkje vise hunden kvar utlegget er).
Alle filmar vil bli vurdert som “bestått” eller “ikkje bestått”.
Alle innsendte filmar godkjennast ut frå vurdering av sjølve oppgåvene, og ut frå kriteria som er gitt. Les grunnleggande reglar, samt dei særskilde reglane for kvar oppgåve, før du sender inn.
Reglar:
Alle innleveringar må lastast opp til ein tredjepart, som til dømes YouTube eller Vimeo.
Innlevering går via skjema (lenke her), det er viktig at du ikkje sender filmer direkte på epost eller via messenger/facebook.
Kvar oppgåve har maks lengde på tre minutt.
Krav:
Førar og hund bør vere synleg på filmen heile tida. Dersom førar ikkje er synleg på filmen må det vere tydeleg at hunden ikkje blir styrt/søker hjelp, men jobbar sjølvstendig. Førar skal ikkje filme sjølv, men bruke til dømes stativ eller medhjelpar.
Me anbefalar å filme i landskapsformat, og å planlegge kva vinkel det vert filma frå for å få med mest mogleg.
Filmar som er for dårleg lyssett til å sjå (for mørke eller for lyse) vil ikkje bli vurdert.
Førar må melde “funn” på alle utlegg før belønning startar. Førar si melding av funn må vere tydeleg, anten ved muntlig “funn” eller med håndsignal.
Søket skal vere styrt av hunden, søk der førar styrer heile søket kan bli underkjent. Førar skal ikkje vise hunden kvar funnet er ved å til dømes: Stoppe ved funnet, peike på funnet, starte hunden på nytt rett på funnet og liknande.
Lyd må vere inkludert. Utlegget må være «usynlig» for hund og fører.
Deltaking:
Hunden må vere frisk, og skal ikkje med hensikt påførast frykt, skade eller unødige påkjenningar eller belastningar.
Parra, drektig eller ammande tispe med kvalpar under 75 dagar gamle kan ikkje delta.
Førar må vere medlem av Nosework Norge.
Markering:
Hunden må vise atferdsendring ved funn som tilseier at det er hunden som finner, men det er ingen spesifikke krav til markering.
Utlegg:
Nosework-luktene skal brukast. Førar vel sjølv kva duft eller duftkombinasjon dei vil bruke.
For kvart søk skal førar og sende inn bilde/film av utlegget. Klipp det inn i filmen, film det i eitt frå søk til belønning så utlegget, eller legg ved som eigen lenke i kommentar.
Vurdering:
Kvar innlevering på tre filmar blir vurdert samla som bestått eller ikkje bestått.
Kvar av dei tre filmane blir vurdert som “godkjent” eller “ikkje godkjent”.
Er ein, to eller tre av dei tre filmane vurdert som “ikkje godkjent” blir heile oppgåva ikkje bestått.
“Ikkje godkjent” på individuell film:
Det er mange måtar å vurdere ein film som “ikkje godkjent”, og vanskelig å spesifisere alle grunnar. Det vil mulig kunne dukke opp filmar der førar har tolka oppgåva annleis enn tenkt, eller det er minimale feil som ikkje påverkar resultatet i større grad. Til dømes ein variasjon i søksoppgåva men tanken/ideen for oppgåva likevel er gjennomført. Dette kan i visse eksempler vurderast som godkjent.
Ikkje bestått:
Om innleveringa di ikkje er bestått kan du levere ein film om igjen gratis – ein gong.
Er to eller alle tre filmane ikkje godkjende så må ein melde på heilt på nytt.
Grunnlag for vurdering som ikkje bestått vil bli gitt.
Vurderingstid:
Me antar at det kan ta to til tre veker å vurdere filmar. Dette kan endre seg etter kor stort trykk det blir, eller ved ferie, og vil bli oppdatert ved endringar.
Merker:
Godkjende filmar får tilsendt ei kort vurdering pr epost, og får jubileumsmerke tilsendt i posten.
Utstyr:
Film tatt med mobilen er ok. Du kan gjerne få nokon til å filme for deg. Planlegg kvar vedkommande skal stå for å få med både deg og hunden i bildet i størst mogleg grad.
Alternativt kan du støtte opp mobil eller kamera med gjenstandar, eller bruke stativ.
Filmar tatt i brystsele blir ikkje godkjende, heile førar skal vise på filmen.
Me anbefalar at du filmar i landskapsformat.
Pigghalsbånd, strup eller anti-trekk-sele er ikkje tillatt.
Rettighet til film:
Filmane tilhøyrer den som filma. Nosework Norge krev ingen rettigheter til innsende filmar. Me ønskjer å promotere og vise fram ekvipasjer, men aktuelle vil bli kontakta før bruk.