Velkommen på ekstraordinær generalforsamling!

dog, puppy, papillon-187817.jpg

Styret ønskjer alle medlemmer velkomne til ekstraordinær generalforsamling 3. januar kl 19.00.

Møtet går digitalt, lenke kjem  pr epost, du vil og finne den ved innlogging til di kontoside på nosework.no i god tid før møtet.

Me kallar inn for saka:
Tilbod frå Devent på nytt medlemssystem med medlemsregister, registrering av hund og resultater, påmelding m.m. (Sjå vedlegg – BLÅ knapp under)

Nosework Norge har i fleire år freista finne betre løysing på medlemssystem. Samstundes har organisasjonen vakse og me harr sett ei enorme interesse for Nosework, og behovet for betre resultatregistrering, felles påmeldingssystem og arrangementoversikt vert større og større.


Sidan 2020 har me nytta WordPress og medlemsregistrering i Memberpress. Allearrangement har i størst mogleg grad vore utlyst i ein kalendarplugin, og arrangørar har sjølve teke hand om påmeldingar, utlysing av arrangementet og innsending av resultat.
Resultat frå LGT og konkurransar har blitt manuelt ført inn i rekneark. Dette er etterkvart uoversikteleg, og har stor fare for feilføring, og er ikkje ope for medlemmer.
Resultat frå konkurransar og merker har siste året og vorte lagt ut på heimesidene, men er ikkje mogleg å søkje i.


NWN ønskjer betre system som handterar medlemsregister, medlemsbetaling, resultathandtering, og som gjer påmelding for deltakarane meir føreseieleg og mest mogleg rettvis for både arrangør og deltakar. Me ønskjer gjere det enkelt for medlemmane å finne resultat frå testar, prøver og konkurransar når logga inn på eigne sider, oversikteleg pr ekvipasje. Det er og ønskjeleg med ei betre løysing for betaling av medlemsavgift.
Me ser og at det vil vere særs godt å gjere resultatføring frå konkurransar meir automatisert, med mindre sjans for feilføring som det fort blir i excel-fila me nyttar no.

 

Me har vore i kontakt med fleire tilbydarar, og valde å gå vidare med Devent, som er eit norsk selskap med erfaring frå system for agility i Noreg frå før.

Devent tilbyr ei løysing på alt dette, der dei sjølve tek kostnadane for utvikling av medlemsregister og arrangement.
Tilbodet dei gir er ei avtale på fem år, der betaling for medlemsregister er samla kr 100 000,- for dei fem åra. Alternativt betalt som 25 000,- pr år (+justering for konsumprisindeks pr år.)
For arrangementsløysinga ligg prisen på 20% av påmeldingsavgift, og minimum kr 100,- pr påmelding, med minimum kr 125 000,- pr år.


Alle prisar + mva.


For medlemmane vil ei slik løysing bety at det vert enklare å betale medlemskap, og enkelt å finne eigne resultat og bevis for medlemskap. Medlemmane registrerar sine eigne hundar på eigen profil, og melder på arrangement med ønska hund.


For arrangørar vert det enklare å få riktig oversikt over ekvipasjar og tidlegare oppnådde resultat. Ein ekvipasje vil berre kunne melde seg på arrangement det er mogleg for dei å delta på, som til dømes bestått LGT før klasse ein. Dei får eit enklare system å stille seg til for registrering og levering av resultat,og får ein standard for påmeldingar.
Kostnaden for arrangørar vil auke noko, frå kr 50,- som det har vore sidan starten, til kr 100,- pr deltakar. NWN vil vurdere fjerne avgifta på kr 200,-pr arrangement.

Denne løysinga vil vere ei stor hjelp for heile Nosework Norge og alle medlemmane framover. Styret meiner at ny medlemsdatabase med betre oversikter for alle er meir føreseieleg og gir ein enklare jobb for både deltakarar og arrangørar som er vel verd dei kostnadane som kjem.

Betalande medlemmer kan stemme på møtet. Hugs å skrive inn fullt navn.


Saksliste


1. Godkjenning av innkalling


2. Val av møteleiar og protokollførar


3. Sak: Nytt medlemssystem/resultatsystem


Vedlegg:


Pristestimat frå Devent

 

Forslag frå styret:
Gå for løysing frå Devent


4. Møtet slutt