Nosework ordbok

Nosework - Ordbok

Dette betyr forkortingane!

Det er litt bokstavforkortingar å halde styr på i Nosework, og det går fort litt surr når ein til dømes blandar spesialsøk med spesialist. Er innandørs og romsøk egentlig det same, og kva er eigentleg eit søksmoment?

For å ta det første først. Nosework er ein type spesialsøk. 
Ein kan enkelt seie at alle typar søk der hunden skal leite etter noko «spesielt» er ei type spesialsøk. Det spelar inga rolle om det er noseworkluktene, kong, kantarellar, rust, veggedyr eller narkotika.

Ein spesialist er derimot ein særskild type konkurranse i Nosework, der ekvipasjen kun møter det same søksmomentet i alle søka. Til dømes fire innandørssøk. I ein vanleg Nosework-konkurranse møter ekvipasjen alle fire moment.
Med spesialistane når me ut til ekvipasjar som gjerne vil vere med og konkurrere, men som kan ha utfordringar med enkelte av søksmomenta. Til dømes hundar som er redd bilar, eller som er særs miljøpåverka utandørs. Det er fint å gi rom til alle!

Eit søksmoment er altså eit gitt område eller objekter som skal søkast på. I Nosework har me delt verda opp i «fire delar», som til saman (nesten) utgjer heile verda. Dei fire momenta er Utandørs, Emballasje, Køyretøy og Innandørs. Det er feil å kalle innandørssøket for romsøk – for innandørs er ikkje nødvendigvis eit rom.
Inndelinga er lik for alle klassar, sjølv om det kan vere skilnadar på til dømes kva som vert rekna som emballasje i dei forskjellige klassane. I klasse ein er er det alltid pappkassar i emballasjesøket, medan i klasse to kan ein og møte andre typar emballasje.

Det er førebels tre klassar i Nosework, der klasse 1 er den første, og klasse 3 den mest utfordrande. 

Kvar konkurransetype og klasse har fått sin eigen bokstavkombinasjon. NW1 er Nosework klasse ein – ein konkurranse med fire søk, eitt søk i kvart søksmoment. S3-U er spesialist klasse 3 – utandørs, oftast kalla utandørsspesialist.
Under føl ein FAQ med korte forklaringar. 
Ei meir utfyllande forklaring finn du i konkurransevedlegget her, og i vedlegg til konkurranseregelverket her.

Category: Nosework

Maksimal poengsum i ein Noseworkkonkurranse. Kvart utlegg får poeng ut fra 100 delt på antall utlegg i konkurransen. Ein NW1konkurranse har fire søk og difor 100/4 som gir 25 poeng pr funn. Ein konkurranse med åtte utlegg gir 100/8 = 12 1/2 poeng pr funn. Tomsøk reknast poengmessig som eitt utlegg.

Category: Nosework

Emballasjesøk er ofte det me startar med når me trenar. For Luktgjenkjenningstesten og i klasse ein er det alltid pappemballasje. I konkurranse kan emballasjen stå i alle moglege planlagte eller uplanlagte mønster, og vere i forskjellige størrelsar.
Oppover i klassane kan andre typar emballasje nyttast, til dømes malingsspann i plast og kakeboksar frå klasse to, og koffertar og baggar frå klasse tre.

Category: Nosework

Noko som er lagt ut for å planlagt forstyrre/distrahere i emballasjesøket. Til dømes ein bit tørr mat i ein beholdar, som er lagt i ei pappkasse.
Sjå regelverket for spesifiseringar.

Category: Nosework

Når eit utlegg er funne er det eit «funn».

Category: Nosework

Ein «gul» hund er ein hund som av ulike orsaker har behov for litt ekstra plass til andre hundar, mennesker eller ulike miljø.

Gule hundar er hjartleg velkomne på NWN-arrangementer.

Category: Nosework

Eit innandørssøk kan vere nær kva som helst med veggar, golv og tak. Det er ingen minimum eller maksimumsstørrelse på eit innandørssøk, men vert avgrensa på grunn av vanskegrad eller naturlege inndelingar. Eit innandørssøk kan vere i ein del av ein gang, eit kontor, del av ein gymsal, ein halv garasje eller noko heilt anna.

Category: Nosework

Lågaste konkurranseklassa. Eitt utlegg i kvart søk.

Sjå regelverket for grundigare innføring.

Category: Nosework

Eitt til tre utlegg pr søk. Bjørk og/eller Anis. Emballasjesøket har minst ei planlagd forstyrring.

Sjå regelverket for grundigare innføring.

Category: Nosework

Null til tre utlegg pr søk. Bjørk og/eller Anis og/eller Kryddernellik. Innandørssøk kan vere tomsøk. Emballasjesøket har fleire planlagde forstyrringar.

Sjå regelverket for grundigare innføring.

Category: Nosework

Søk på køyretøy gir heilt andre utfordringar enn dei andre søksmomenta, der det mellom anna er meir sjanse for uforutsigbar duftvandring inn under og opp i motoren som forvanskar.
Alle typar køyretøy kan brukast, inklusive tilhengarar.

Category: Nosework

Luktgjenkjenningstest – sjå Luktgjenkjenningstest

Category: Nosework

For å delta på konkurranse må ekvipasjen først ha bestått luktgjenkjenningstest, ofte kalla LGT.
Ein LGT er ein test som skal teste om hunden kan finne lukt, og om førar forstår at hunden har funne lukt. Testen går på ekvipasjen og ikkje berre på hund eller førar, ein hund må difor ta testen på nytt med kvar førar som vil konkurrere.
Testen er eit emballasjesøk med tolv pappkassar, stilt i ei line på tolv eller to liner på seks. Ein av kassane har utlegg, dei andre er tomme. Ekvipasjen har tre minutt på å finne riktig emballasje.

Testen må takast ein gong for kvar av duftene, og i riktig rekkefølge. (Bjørk – anis – kryddernellik)
Det er nok å ta testen for bjørk for å konkurrere i klasse ein, for klasse to må ekvipasjen og ha bestått anis, og i klasse tre ha bestått kryddernellik.

Category: Nosework

Ekvipasjen kan få «napp» i spesialistkonkurransane, dersom dei oppnår 75 poeng eller meir, og har maksimalt tre feilpoeng i ein og same konkurranse. Etter tre napp i same spesialistklasse får ekvipasjen tittel.

Category: Nosework

Noseworkkonkurranse klasse 1. Fire søk, eitt frå kvart søksmoment, eitt utlegg i kvart.

Sjå regelverket for grundigare innføring.

Category: Nosework

Noseworkkonkurranse klasse 2. Fem søk, eitt frå kvart søksmoment, pluss eitt søk frå eit tilfeldig søksmoment. Eitt til tre utlegg i kvar.

Sjå regelverket for grundigare innføring.

Category: Nosework

Noseworkkonkurranse klasse 3. Seks søk, eitt frå kvart søksmomement, pluss to søk til fordelt på samme eller to forskjellige søksmomenter. Null til tre utlegg i kvart søk, ukjent antall utlegg for førar.

Sjå regelverket for grundigare innføring.

Category: Nosework

Spesialist klasse 1, klasse 2 eller klasse 3 emballasje. «Emballasjespesialist».
Søkskonkurranse der alle søk er på emballasje. For klasse ein kun pappemballasje, i klasse to og andre typar beholderar og emballasje, og i klasse tre som dei andre samt bagasje.
Sjå regelverket for meir detaljar om vanskar i dei forskjellige klassane.
Søksområdet kan vere innandørs eller utandørs.

Category: Nosework

Spesialist klasse 1, klasse 2 eller klasse 3 innandørs. «Innandørsspesialist».
Søkskonkurranse der alle søk er innandørssøk. Merk innandørs er ikkje same som rom, alle typar innandørsområder kan brukast som til dømes gang, lagerhall, bod, deler av sal etc.

Sjå regelverket for meir detaljar om vanskar i dei forskjellige klassane.

Category: Nosework

Spesialist klasse 1, klasse 2 og klasse 3 køyretøy. «Køyretøyspesialist».
Søkskonkurranse der alle søk er på køyretøy. Oftast bil, lastebil, traktor, buss og liknande. Tilhengar kan og nyttast. Ekvipasjen søker kun på utsida av køyretøyet.

Sjå regelverket for meir detaljar om vanskar i dei forskjellige klassane.

Category: Nosework

Spesialist klasse 1, klasse 2, klasse 3 utandørs. «Utandørsspesialist».
Søkskonkurranse der alle søk er utandørssøk.

Sjå regelverket for meir detaljar om vanskar i dei forskjellige klassane.

Category: Nosework

Samlenavn på spesialistkonkurransane. Merk: Ikkje same som spesialsøk

Category: Nosework

Ekvipasjen oppnår tittel dersom 100 poeng og maks tre feilpoeng i ein og same konkurranse. Tittel er same som konkurransenavnet, til dømes S2-U.

For spesialistkonkurransane kan tittel og oppnåast ved 3xnapp. Sjå «napp» eller regelverket for meir informasjon.

Category: Nosework

Søk der det ikkje er lagt ut utlegg. Førar veit ikkje om det er utlegg.

Category: Nosework

Eit utandørssøk kan foregå kvar som helst ute. Alle typar underlag og naturlege avgrensingar er tillete. Me trenar Nosework i skogen, i parken, på parkeringsplassar, på badestrender, på industriområder, på gårdsplassen, i parkeringsgarasjen og i hagen.
Eit utandørs konkurranseområde vert ofte avgrensa med kjegler, hugs at duftene bevegar seg og utanfor våre «definerte områder» og at det kan vere lurt å la hunden og gå utanfor.

Category: Nosework

Det som er lagt ut som ekvipasjen skal finne.