Nosework ordbok

Nosework - Ordbok

Dette betyr forkortingane!

Det er litt bokstavforkortingar å halde styr på i Nosework, og det går fort litt surr når ein til dømes blandar spesialsøk med spesialist. Er innandørs og romsøk egentlig det same, og kva er eigentleg eit søksmoment?

For å ta det første først. Nosework er ein type spesialsøk. 
Ein kan enkelt seie at alle typar søk der hunden skal leite etter noko «spesielt» er ei type spesialsøk. Det spelar inga rolle om det er noseworkluktene, kong, kantarellar, rust, veggedyr eller narkotika.

Ein spesialist er derimot ein særskild type konkurranse i Nosework, der ekvipasjen kun møter det same søksmomentet i alle søka. Til dømes fire innandørssøk. I ein vanleg Nosework-konkurranse møter ekvipasjen alle fire moment.
Med spesialistane når me ut til ekvipasjar som gjerne vil vere med og konkurrere, men som kan ha utfordringar med enkelte av søksmomenta. Til dømes hundar som er redd bilar, eller som er særs miljøpåverka utandørs. Det er fint å gi rom til alle!

Eit søksmoment er altså eit gitt område eller objekter som skal søkast på. I Nosework har me delt verda opp i «fire delar», som til saman (nesten) utgjer heile verda. Dei fire momenta er Utandørs, Emballasje, Køyretøy og Innandørs. Det er feil å kalle innandørssøket for romsøk – for innandørs er ikkje nødvendigvis eit rom.
Inndelinga er lik for alle klassar, sjølv om det kan vere skilnadar på til dømes kva som vert rekna som emballasje i dei forskjellige klassane. I klasse ein er er det alltid pappkassar i emballasjesøket, medan i klasse to kan ein og møte andre typar emballasje.

Det er førebels tre klassar i Nosework, der klasse 1 er den første, og klasse 3 den mest utfordrande. 

Kvar konkurransetype og klasse har fått sin eigen bokstavkombinasjon. NW1 er Nosework klasse ein – ein konkurranse med fire søk, eitt søk i kvart søksmoment. S3-U er spesialist klasse 3 – utandørs, oftast kalla utandørsspesialist.
Under føl ein FAQ med korte forklaringar. 
Ei meir utfyllande forklaring finn du i konkurransevedlegget her, og i vedlegg til konkurranseregelverket her.

[ultimate-faqs]