Merker!

Hei alle medlemmer av Nosework Norge!

Endeleg kan me informere om at Merker er på veg! Merker er ei ny aktivitet frå Nosework Norge. Det er ein del av satsinga på aktivisering for medlemmane, og me håpar Merker vil bidra til meir morosame variasjonar i trening og aktivisering! Først ut no har me eit pilotprosjekt, der instruktørane avheld og evaluerer Merker fram til 31. januar, før det opnast heilt opp for fleire oppgåver etter at evalueringa er ferdig i starten av 2023. Me håpar de vil vere med!

Merker er:

 

Forskjellige utfordringar ekvipasjen kan gå gjennom, som bevisar sjølvstende og engasjement, mestring, mot og samarbeid!

 

Alle godkjende instruktørar kan halde Merker, og dei kan haldast i kjende miljø. Det vil seie at de kan få nye utfordringar der både hund og førar er kjende og trygge!

Me ønskjer kreative og morosame oppgåver som gir utfordring og mestring, og det giast oppgåver som skal vise at ekvipasjen kan dekke heile søksområder, mestrar merkelege utfordringar, går gjennom labyrintar og rett og slett løyser problemer saman.

Ekvipasjen kan delta på Merker utan å ha tatt LGT.

Svært mange av instruktørane har meldt seg som interesserte i å halde Merker, og forhåpentleg kjem Merker snart til ditt område!